Lat togna tale
I stilla finn eg
vegen inn
til det som gror
og stiane dekkjer
Tognas tunge
synar gamle stiar
til den som søkjer
Algirs velde
Vinden fer
fram, fram
Kviskrar i trea
Riv i meg
Eg stig opp frå meg sjøl
Stien klarnar
togna talar
Eg kallar deg
til gamle tråkk
I kveld vil eg lytte
til det som gror
og stiane dekkjer
Ravn flyg i himmelhjul
i skogen gjestar gammel tul