Eg veit i himmerik ei borg
ho skin som soli klåre
der er kje synder eller sorg
der er kje gråt og tåre
Der inne bur Guds eigen Son
i herlegdom og æra
han er mi trøyst og trygge von
hjå honom eg skal vera
Eg er ein fattig ferdamann
må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland
Gud, meg på vegen vara!
Eg med mitt blod deg dyrt har løyst
eg inn til deg vil treda
og gjeva hjarta mod og trøyst
og venda sorg til gleda
Er du meg tru og bruka vil
Guds ord og sakramente
di synd er gløymd, di sorg vert still
di heimferd glad du vente!
Når verdi all som drivesand
med gull og gleda viker
då stend eg ved di høgre hand
ein ven som aldri sviker
Eg fattig hit til verdi kom
og rann av ringe røter
fer herifrå med handi tom
og dødens vald meg møter
Men visst eg veit ein morgon renn
då dødens natt skal enda
Min lekam opp or gravi stend
og evig fryd får kjenna
Så hjelp oss du, vår Herre Krist
ditt blod for oss har runne:
Din beiske død har sant og visst
oss himmelriket vunne
Me takkar deg til evig tid
Gud Fader, alle saman
for du er oss så mild og blid
i Jesus Kristus! Amen